Skulemiljø og mobbing

Olweus-programmet mot mobbing

Langeland skule nyttar Olweusprogrammet mot mobbing. Klikk her for meir informasjon om kva som ligg i dette og kva føresette kan gjera dersom de er urolege for ombarnet dykkar blir utsett for mobbing.

Godt skulemiljø – Elevar og føresette har sterke rettar

Me oppmodar alle føresette til å setta seg inn i kva for rettar elevar og føresette har. På nettsida til Utdanningsdirektoratet finn du meir om dette. Dei har laga ei veldig grei informasjonsbrosjyre som kan lastast ned. Brosjyra gir ei i innføring i kva for lovreglar og rettar elevar og føresette har når det gjeld fysisk og psyko-sosialt arbiedsmiljø. Last ned: Elevane_sitt_skolemiljo_nynorsk

Innhaldet er mellom anna:

  • Lovreglane me finn i Opplæringslova §9a
  • Rett til godt fysisk miljø
  • Rett til godt psykososialt miljø – elevane skal vera trygge for mobbing eller annan krenkande åtferd
  • Foreldre og elevar sin rett til å få alvorlege saker handsama på ein skikkeleg måte
  • Foreldre og elevar sin rett til å få eit svar med tiltak frå skulen og klagerett i samband med svaret

Foreldra bør nytta skulen sine rådsorgan til å ta aktivt del i arbeidet for eit godt skulemiljø.