Korpset gjorde reint bord!

13. april 2011

Laurdag 09.04.2011 deltok Langeland skulekorps i 1. divisjon på Higrefestivalen i Tysvær. Med sine imponerande 95 poeng av 100 poeng stakk korpset av med 1. plassen i konkurransen. I tillegg vann korpset pris både for å vera det beste underhaldningskorpset og for å vera det korpset med størst poengmessig framgong sidan i fjor.

Korpset presenterte ei musikalsk reise i filmmusikken si verd. Musikken var henta frå filmane ”Star Wars”, ”Jurassic Park”, ”E.T”, ”Saturday Night Fever”, Beauty and the Beast” og ”The Incredibles!” Framføringa fall i smak hos dommarane (Åge Østrem og Jan Magnus Dahle), som blant anna kom med følgjande kommentarar:

Dere er kjempegode – her var alt man kan ønske seg – Bravo!

Gleder meg til å høre dere en annen gang, det er tydelig at her jobbes det meget bra i alle ledd.

Gratulerer med en kjempeflott konsert!! Her var det spilleglede, og dere presenterer et gjennomarbeidet og godt innøvd program. Dette var virkelig kjekt. Koste meg!

Langeland skule er stolt over korpset sitt!

5B på Sentrumsstafett

11. april 2011

8 elevar frå 5B deltok på årets sentrumsstafett laurdag 9. april. Resultatet vart 3. plass og 5. plass. Super innsats av alle saman og takk til foreldra som stilte opp! Elevane var: Mathilde, Ida, Helene, Madelen, Oddbjørn, Stian, Tobias og Per Inge.

Nei til bilkøyring på skuleplassen

4. april 2011

Me har endeleg fått skilta forbod mot bilkjøyring i skulegarden mellom 7 og 16. Me ber alle som har samband med Langeland skule om å bringa dette vidare. Det er viktig at alle respekterer forbodet når me endeleg har fått det!

-rektor

Søk plass på SFO frå hausten 2011

30. mars 2011

Frist: 15. april (påske).

Elektronisk søkeskjema på  www.stord.kommune.no.
Brev med stadfesting kjem i mai-juni.

Me gjer merksame på at den verkelege storleiken på plassen ikkje alltid stemmer med prosenttalet og timetalet de finn i søknadsskjemaet. (Dette er noko som heng att frå tidlegare.)  Prisane blir vedtekne av kommunestyret og me tek atterhald om at det kan koma endringar. Innhaldet i dei ulike prosentplassane er så langt råd samordna mellom Langeland, Leirvik og Hystad.

SFO opnar 6:45 før skulen og stenger 16:15 etter skulen. Tilbodet gjeld elevar på 1.-4. steg, pris per månad:

  • 100% plass, kr 2370.
  • 80% plass, kr 1957:
    • 4 dagar full tid
    • Eller 5 dagar kun ettermiddag.
  • 60% plass, kr 1483: 
    • 3 dagar full tid
    • Eller 4 dagar kun ettermiddag.
  • 50% plass, kr 1287:
    • 2/3 dagar annankvar veke
    • Eller 3 dagar ettermiddag
    • Eller partal-/oddetal-veker
    • Eller berre morgon.
  • Turnus: Ulike turnusordningar på 50% og 60% plass, etter avtale.

Foreldreundersøkinga 2011

30. mars 2011

Takk til alle foreldre som var med på foreldreundersøkinga på nett. Deltakinga i år var 45%. Dette er bra, sjølv om me hadde over 55% i 2010.
Svara ligg utruleg tett på landsgjennomsnittet på dei aller fleste spørsmål. Svara frå Langeland er nokså nøkterne. Det er nemleg betydeleg mindre sprik i svara (standardavvik) på Langeland enn på landssnittet, det betyr at det er fleire som held seg på dei nøytrale svaralternativa.
Klare negative utslag:
• Skulebygg / Uteområde
• Bøker og utstyr
Positive utslag
• Rettleiing frå skulen om korleis ein kan hjelpa elevane heime
• Foreldre hjelper barna sine med lekser
Når me går igjennom resultata internt, ser me ikkje berre på gjennomsnittet, me ser også etter spørsmål der det er mange nøgde eller mange misnøgd. Denne tilbakemeldinga er god hjelp for oss og gir også ein del hint om kva me må gjera for å stadig bli betre og møta alle foreldre på ein god måte.

-rektor

Langelandslappen – info til heimen

30. mars 2011

Last ned infoskriv til heimen – Langelandslappen frå mars 2011. Langelandslappen Mars 2011

Personalet på studietur til London

7. februar 2011

Torbjørn, Hildegunn og Anne Margrethe på British Museum

Personalet nytta planleggingsdagen 3. februar til ein studietur til London. Der fekk me besøka to svært interessante skular: Johanna Primary School og  Richard Atcins Primary School. Desse skulane har dei siste åra fått anerkjenning for å få til fantastiske resultat både når det gjeld læringsresultat og skulemiljø. Det me fekk sjå var både inspirerande og tankevekkande.

- Noko av det som gjorde sterkast inntrykk på meg var å møte ein skule som klarar få fram det beste i kvar elev. Her såg me eksempel på korleis ein skule kan gje spesialpedagogisk hjelp som gjer at desse elevane kan ta att noko av forspranget. Eg trur me har mykje å læra både av haldningane og metodane dei nyttar, seier rektor Øyvind Nordlie, godt nøgd med det faglege resultatet av studieturen.

Personalet fekk også innsikt i lese- og matematikkprogrammet Success for all, som har metodar som passar godt saman med SOL-prosjektet i Stord kommune. Vårt SOL-prosjekt inneheld både metodar for å observera elevane si leseutvikling og for å gje relevant trening til kvar elev utifrå utviklingssteg.

Rektor Julie Roberts viser oss rundt

Studieturen blei i stor grad finansiert av egenandel frå deltakarane. Fredag kveld, laurdag og søndag blei nytta til museumsbesøk (biletet tv frå British Museum), oppdagingsferd og sosiale samkome.

Arbeid mot mobbing

24. januar 2011

Slik vil me ha det på Langeland skule

  • Elevar skal kunne kjenne seg trygge
  • Tydeleg kva for reglar som gjeld
  • Elevane skal oppleva at mobbeåtferd og plaging ikkje er akseptert
  • Uønska åtferd og mobbing blir stoppa – og får konsekvensar
  • Haldningane i elevmiljøet er negative til mobbeåtferd
  • Foreldre og skule står saman om grensesetting og positive verdiar

Les meir »

«Liv og røre»; førjul!

10. januar 2011

Førjulskos for  små …

56 fyrsteklassingar sit som perler på ei snor, og kosar seg med nistemat med noko ekstra godt i dag!  Det er jo snart jul.

«Liv og røre»; haust, førjul og våte kler !

10. januar 2011

Våte kler !

Det er mykje uteaktivitet på Langeland skule, ikkje berre når det er uteskule eller »turdag», som me seier.  I dag,mandag, blei det ekstra vått.  Då er det godt å ha byttekler i korga !  Send med gjerne fleire par sokkar og bukser.  Les meir »