Leksehjelp 2011-2012
torsdag, august 18th, 2011Leksehjelp er eit gratis tilbod på skulen til elevar i 1.-4. klasse.
Det blir ei eller to grupper på kvart årssteg.
Tider for 1. og 2. steg: 13:15-14:15 måndag og onsdag.
Tider for 3. og 4. steg: 14:00-15:00 måndag og onsdag.
Dei første 15 minuttane får elevane fysisk aktivitet ute for å bli ”klarare i toppen” til leksearbeidet.
Realistiske forventningar – kva gir best læringsresultat for barnet dykkar?
Me har dyktige medarbeidarar som står for leksehjelpordninga her på Langeland. Dei gjer ein heilhjarta innsats innafor dei praktiske rammene ordninga har.
Me ber likevel om at kvar heim vurderer nøye om kva som gir best lærings-resultat for barnet dykkar: Leksehjelp på skulen eller heime?
Leksehjelp heime med foreldre kan i ein del tilfelle gje betre arbeidsvanar, betre ro og betre læringsresultat enn leksehjelpordninga på skulen.
Leksehjelpa passar for elevar som fint klarar å konsentrera seg i ein slik setting, men som kan trenga litt hjelp frå ein vaksen av og til.
MERK: Sjølv om barnet har gjort lekser på skulen, må heimen framleis kontrollera leksa og høyra dei i leseleksene.
Paktisk om leksehjelpordninga
Leksehjelp er gratis, men med bindande påmelding.
Norm for ordninga: Maksimalt 28 elevar med ein leksehjelpar (assistent eller fagarbeidar) på kvar gruppe.
Den vaksne på leksehjelp-gruppa brukar tida si på å hjelpa elevar med leksene.
Barnet dykkar treng arbeidsro i leksehjelpgruppa – difor krev me også at barnet dykkar tek omsyn til arbeidsro for dei andre.
Er det greitt for dykk at eleven går heim når han/ho er ferdig med leksene sine, skriv ”Ja” på svarslippen for dette.
For å be fri frå leksehjelp ein dag: Skriv melding i meldingsboka. Eleven må visa meldinga på leksehjelp før han/ho går heim.
Dersom eleven skal slutta på leksehjelp: Skriv melding i meldingsboka.
Svarfrist tysdag 25. august – Last ned Skjema
-rektor
