Saker under ‘Lan 04’

Stemningsrapport frå Gullingen

onsdag, september 15th, 2010

På måndag var me på Grønhovet, ein av toppane i nærleiken. Dette er litlebroren til Gullingentoppen. Me fekk lauga oss i stampen, det var varmt og godt! Tysdagen var me på tur i nærområdet og lærte om økosystemet. Me satte opp gapahuk og lærte å fyra opp bål. Det vart grilling av nistepakkar og pinnebrød.

Kreativiteten fekk fritt spelerom etter at me hadde laga våre eigne kolstiftar. Retningssansen vart testa ut under ei utfordrande økt med bingo-orientering.

Været har stort sett vore bra på dagen. Heldigvis har det regna frå seg om natta!

-Elin

(meir …)

Masker

måndag, mars 15th, 2010

I kunst og handverk har 6. trinnet jobba med å laga masker. Dei vart flotte og fargerike til slutt.

Atom og molekyl

tysdag, februar 9th, 2010

Me har jobba med temaet «atoma – dei minste byggjeklossane i universet» Me har både lese og teikna. Nokre atom laga elevane  i modellkitt og sette deisaman til ulike molekyl.

Førjulstreff for 6A

tysdag, desember 1st, 2009

IMGP3010

Komiteen starta arbeidet kl 17.00 med å få på plass lys, gløgg på kok og klargjering av pyntegrønt til julekrans ute i paviljongen. Kl 18.00 kom elever og foreldre på rad og rekke og med godt humør. (meir …)

Songstund med sjette steg

tysdag, oktober 20th, 2009

IMG_1157Torsdag 15. oktober var det songstund i gymsalen for alle elevane ved skulen. Denne gongen var det 6. trinnet som hadde ansvaret, og dei bidro med song, spel og diktlesing. Gitarar, keybords og xylofonar var i bruk, og 6.klassingane song på ulike språk.

- Veldig kjekt, meinte Amalie. Ho syntest det var moro å skriva eigne dikt om temaet «Haust».

- Gøy å spela gitar, syntest Terje. Medan Camilla meinte ho ikkje var nervøs i det heile då ho fremførte diktet ho hadde laga. Der sto det blant anna:

- Om hausten fyk alle blad, men ikkje alle blir så glad. For sommaren er vekk, og froskane takkar for seg med eit kvekk.IMG_1156

Skeisetur

onsdag, januar 28th, 2009

cimg1520cimg1511cimg1508

!

 

 

 

 

5. trinnet var på skeisebanen i dag. Me fekk testa skeiseformen vår, den var god!

Det var ein kjekk tur for store og små.

Min dag – mi verd

torsdag, november 27th, 2008

fotoutstilling-0075.steget har laga ei fin utstilling i mediateket. Der var motiva henta frå kvardagen til alle elevane. Dei fekk med seg kamera heim og skulle ta bilete av noko som betydde noko for dei. Resultatet ser de her.

Fotoprosjekt

tysdag, september 23rd, 2008

Øyvind Hjelmen lærer oss om foto.

Nasjonale prøvar

måndag, september 15th, 2008

Femte trinnet held i desse dagar på med nasjonale prøvar. Fyrst ut var engelsk og då skulle me nytta datamaskinar.

Orienteringsløp

måndag, september 15th, 2008

Fredag 12. september var mellomsteget, 5.-7. trinn, invitert til kjekk orienteringsøkt. Me fekk besøk av Stord IL – Orientering som arrangerte «Gildeprinten». (meir …)