Saker under ‘Lan 02’

«Det snør, det snør,tidelibom..»

torsdag, oktober 16th, 2008

torsdag-morgon-057torsdag-morgon-042torsdag-morgon-029torsdag-morgon-012

torsdag-morgon-012

 

 

 

 

I dag har me hatt ulike toppturar med tydeleg overgong frå haust til vinter: snøflokser i lufta. Barskingane kler seg godt, held stort sett varmen når dei føl «kleskoden», kosar seg i fjellet og MANGE avslutta fjellturen med ein dusj i fossen. Nokon vil likevel ha meir av dette etter middag-bekkevandring før mørkret kjem. Stemninga er STOR!!

Torsdag morgon.

torsdag, oktober 16th, 2008

torsdag-morgon-001torsdag-morgon-002

 

 

 

 

 

Me er meir eller mindre klar for frukosten om 20 minutt. Ute høljar det ned, men det skal bli betre har me lese på «yr».  I dag er det fjellturar. Me gler oss!!

Tredje dag på leirskulen.

onsdag, oktober 15th, 2008

dag-3-026dag-3-021dag-3-012dag-3-013

 

 

 

 

Me held oss friske heile gjengen, søv godt på nettene og lever ut friluftslivet på dagtid. I natt overnatta ein gjeng i lavoen. Me måtte faktisk vekkja fem av dei så dei rakk frukosten i dag. Dei første kom ned tidlegare på morgonen. Fleire synest no det er altfor kort tid til me skal heim. Trivselen er upåklageleg.

Andre dag på Gullingen

tysdag, oktober 14th, 2008

dag-2-021dag-2-023dag-2-017dag-2-008

 

 

 

 

 

Ein strålande ny dag er til ende. Lite solstråler, men mange glade friluftsmenneske.
I dag har nokre av oss vore på vatnet i robåt og kano, medan resten har opplevd mykje spennande i skogen.

Gullingen

måndag, oktober 13th, 2008

leirskule-dag-1-005leirskule-dag-1-0032leirskule-dag-1-014

Første dag på leirskulen har gått over all forventning. Regnet har me med oss, men det gjer ingenting!

Me har gått tur i nærområdet, bada i Mosvatnet (7 gr.), ete middag og bada i badestamp. Bileta får fortelja resten.