Saker under ‘Aktuelt’

Leksehjelp 2011-2012

torsdag, august 18th, 2011

 Leksehjelp er eit gratis tilbod på skulen til elevar i 1.-4. klasse.

Det blir ei eller to grupper på kvart årssteg.

 Tider for 1. og 2. steg: 13:15-14:15 måndag og onsdag.

Tider for 3. og 4. steg: 14:00-15:00 måndag og onsdag.

Dei første 15 minuttane får elevane fysisk aktivitet ute for å bli ”klarare i toppen” til leksearbeidet.

 

Realistiske forventningar – kva gir best læringsresultat for barnet dykkar?

Me har dyktige medarbeidarar som står for leksehjelpordninga her på Langeland. Dei gjer ein heilhjarta innsats innafor dei praktiske rammene ordninga har.

Me ber likevel om at kvar heim vurderer nøye om kva som gir best lærings-resultat for barnet dykkar: Leksehjelp på skulen eller heime?

Leksehjelp heime med foreldre kan i ein del tilfelle gje betre arbeidsvanar, betre ro og betre læringsresultat enn leksehjelpordninga på skulen.

Leksehjelpa passar for elevar som fint klarar å konsentrera seg i ein slik setting, men som kan trenga litt hjelp frå ein vaksen av og til.

MERK: Sjølv om barnet har gjort lekser på skulen, må heimen framleis kontrollera leksa og høyra dei i leseleksene.

 

Paktisk om leksehjelpordninga

 Leksehjelp er gratis, men med bindande påmelding.

Norm for ordninga: Maksimalt 28 elevar med ein leksehjelpar (assistent eller fagarbeidar) på kvar gruppe.

Den vaksne på leksehjelp-gruppa brukar tida si på å hjelpa elevar med leksene.

Barnet dykkar treng arbeidsro i leksehjelpgruppa – difor krev me også at barnet dykkar tek omsyn til arbeidsro for dei andre.

Er det greitt for dykk at eleven går heim når han/ho er ferdig med leksene sine, skriv ”Ja” på svarslippen for dette.

For å be fri frå leksehjelp ein dag: Skriv melding i meldingsboka. Eleven må visa meldinga på leksehjelp før han/ho går heim.

Dersom eleven skal slutta på leksehjelp: Skriv melding i meldingsboka.

 

Svarfrist tysdag 25. august – Last ned Skjema

-rektor

Skulestart onsdag 17. august

måndag, august 8th, 2011

Vel møtt til nytt skuleår! Første skuledag for elevane er onsdag 17. august.

  • SFO opnar som vanleg 6:45.
  • 8:30 skulestart for elevane i 2.-7. steg.
  • 9:00 skulestart for dei nye førsteklassingane.
  • 1. og 2. steg sluttar som vanleg 13:15 på onsdagar.
  • 3.-7 steg sluttar 14:00.
  • Vanleg ettermiddags-SFO

Tilsette og lærlingar startar måndag 15. august kl 8:00 med planleggingsdagar.

Det blir kjekt å sjå dykk alle!

Helsing rektor Øyvind

Elevrådet for våren 2011 takkar for seg

fredag, juni 17th, 2011

Nicholas vil takka elevrådet for super innsats denne våren. Bra jobba alle mann! På biletet: Marie, Adrian, Thea, Frida, Juliana, Reinert, Astrid, Kjell, Markus V, Viljar, Mathilde M, Hanna, Sigmund. Ikkje til stades: Johannes, Mathilde B.

Elevrådet for hausten: Henrik, Ingvild, Tobias M, Tobias V, Thorstein, Andrea, Ruben, Ragnhild, Lisbeth, Ada, Morten, Jacob, Brita, Espen, Albert, Emma. Takk for flott innsats!

God sommar til alle på Langeland skule! Helsing elevrådet:)

Førskuledag og foreldremøte nye førsteklassingar

torsdag, juni 9th, 2011

Førskuledag fredag 10. juni

  •  Fredag 10. juni 10:30-12:30
  • Oppstart i mediateket på skulen,
  • Ungane møter i lag med ein vaksen (føresette eller familie)
  • Erfaringsmessig klarar ungane seg stort sett nokså bra på eigenhand når dei kjem på førskuledag, men det kan vera greitt om dei vaksne held seg i nærleiken. -  Kaffe i mediateket.
  • Ungane får  møta nokre av dei vaksne dei skal ha til hausten.
  • Dei nye førsteklassingane får sjå klasseromma og får ein liten smak på korleis det er å vera skuleelev.
  • Ta med matpakke, ungane får drikke.
  • Ta med kler for uteleik også.

 Foreldremøte tysdag 14. juni

  • Langeland skule, mediateket (lengst inne i ”den høgre skulegarden”)
  • Tysdag 14. juni 19:00-ca 20:00
  • Møte med dei nye lærarane
  • Praktisk informasjon, korleis ein tek kontakt med lærarane
  • Deling av klassane
  • Informasjon om skuleskyss
  • Skuleruta (datoar og feriar)
  • Skuledagen
  • SFO
  • Leksehjelp-ordning
  • Val av foreldrerepresentantar til FAU

Vel møtt – helsing rektor

NYTT: Politisk vedtak om skuleplassar på Langeland

tysdag, mai 31st, 2011

Det blir ikkje flytting av elevar som har skrive seg inn på Langeland over til Leirvik. Dette vedtok Komite for oppvekst og utdanning i ettermiddag. Det blir tre klassar, ikkje to som var utgongspunktet.

Planen er å bygga fullverdige skulelokale for å gje plass til elevane som skal byrja på Langeland i åra framover. Ordlyden i vedtaket er:

(sitat…)

Komite for oppvekst og utdanning ber om at rådmannen finn plass til elevane som det er snakk om i denne saka, med fullverdige skulelokale på Langeland skule.  

Komiteen ynskjer ikkje å nytta lokal forskrift om skulegrenser i denne saka. Komiteen ber om at rådmannen finn midlar til dette ved revidering av budsjettet.

(..sitat slutt)

 

«Eg er glad for at politikarane prioriterar skuleplass til dei mange elevane våre. Dette blir ei stor lette når dei nye lokala er på plass!» er rektor Øyvind Nordlie sin umiddelbare kommenter. «Men i mellomtida blir det trangt! Me går umiddelbart i gong med å finnna praktiske løysingar. Dei tilsette står framfor eit utfordrande år, det må me alle ha respekt for. Og føresette og elevar må bu seg på at organiseringa av skuleveka kan bli litt endra på alle klassesteg. Men eg lovar at alle på Langeland i samarbeid med FAU og elevrådet gjer sitt beste for elevane i denne mellomperioden.»

Prisauke SFO

torsdag, mai 26th, 2011

Det blir prisauke på SFO frå hausten av. Sist prisauke var 1. januar 2010.  Legg også merke til at kommunestyret har vedteke at ordninga med einskilddagar felle bort. Me har fått følgjande frå Økonomigruppa i Stord kommune:

Endring i satsar for opphaldsbetaling/brukarbetaling i barnehage – SFO – kulturskulen frå 1.august 2011.

Kommunestyret har i møte 14. april vedteke auke i betalingssatsane for barnehage, SFO samt Kulturskulen.
Satsauken skal gjelde frå 1. august 2011.

Nye satsar er:

SFO

Full plass 100% ex. leksehjelp    kr.        2.490,-
Deltidsplass 80% ex. leksehjelp  kr.        2.055,-
Deltidsplass 60% ex. leksehjelp  kr.        1.560,-
Deltidsplass 50% ex. leksehjelp  kr.        1.350,-

Tilbodet om dagspris fell bort.

5B på fredsstafett

fredag, mai 6th, 2011



Onsdag 4. mai deltok 8 kjekke elevar frå 5B (den minste klassen på mellomtrinnet på skulen;)) på årets fredsstafett. 3 gutar og 5 jenter, fordelt på 8 etapper, løp på bane, asfalt og sti. Super innsats resulterte med en flott 5. plass, bare 2 sekunder frå seierspallen! 12 lag deltok på stafetten. Laget: Mathilde, Tobias, Madelen, Oddbjørn, Ylva, Ida, Helene og Stian. Klassen kunne kanskje ha stilt med endå eit lag, men fleire elevar var opptatt med andre aktivitetar. Flott innsats!

Brennkoppar

tysdag, mai 3rd, 2011

 Me har fått melding om at brennkoppar er noko som går i området i desse dagar. Helsesøster Margunn har gjett oss råd om korleis skule og heim tek dette:

  • Sjå etter skorpebelagte sår, oftast på munnen og i hender.
  • Hald barnet heime frå skulen.
  • Må til lege for å få medisin. Små sår dekkast med antibakteriell salve og plaster.
  • Kan gå på skulen dagen etter at behandling er starta.

 Rektor

Trekningsliste fra Solidaritetsdagen den 14.4.2011

tysdag, april 26th, 2011

Bilete: Magnus Medhammar. Lykter: Elina Taraldsøy. Oppbevaringskasse: Anne og Astrid Jordåen. Oppbevaringskasse: Kirsten Gullberg. Lys/serviettar: Olaug Kvalvik. Spegel: Eirik Halvorsen. Muffinsstativ: Anette Juvik. Førstehjelpspute: Oddny Hordvik. Karaffel: Simen R Eriksen. Skjal: Mali R Litlabø. Skomiddel: Vetle Larsen. Såpe/toalettveske: Tor Miljeteig. Vase: Hans Kristian Ludviksen. Bok: William B Hansen. Bok: Kristine Marie Weiby. Bok: Ole Krister Kvellestad. Blyantar/tusjar: Magnus Medhammar. Blyantar/tusjar: Elias Nordfonn. Babysett: Elise Steinsland. Mobiltelefon: Bjørg T Rønnekleiv. Smykke: Eirik T Båtsvik. Øyrepynt: Henrik Nylund. Spel/bok: Ylva og Elvira Hetland. Lotto/bok: Henrik Nylund. Teppe: Birk Selsvold. Mobilpakke: Lena Vermedal. Mobilpakke: Oddbjørg Løkling. Lys/serviettar: Mattias Henriksen. Lego: Eirik T Båtsvik. Lego: Kirsten Gullberg. Lego: Emma Grindevik Dahl. Lego: Hanna og Bolette i 6. trinn. Lys/serviettar: Eirik T Båtsvik. Lys: Åshild Barmen. Lys: Andreas Gjøsæter. Lys: Amund Vinje. Lys: Emma Grindevik. Blomepotte: Arvid Nordhus. Blomepotte: Emil Lønn. Lys/serviettar: Karl Petter Sulen. Bit-sett: Birk Selsvold. Servietthaldar: Johanne Skard. Servietthaldar: Oddbjørg Løkling. Servietthaldar: Mirzeta Cakor. Ampel: Bente Madtsen. Ampel: Karina Vinje. Ampel: Margit Lindeflaten. Ampel: Oddbjørg Løkling. Ampel: Ada Dahl. Fotball: Helga Kroka. Fat: Albert Hasani. Fat: Lars A Lekve. Gåvekort frå Smak og Behag: Hermann Roseth Karlsen. Gåvekort frå Texaco: Per Inge Notland. Verkty: Marit B Vatne. Gåvekort frå Texaco: Daniel Føyen. Sovepose: Henrik Nylund. Selbuvottar: Anne Karin Yttredal. Selbuvottar: Sondre Mork. Drikkeflaske: Olav Bjelland. Sykkellykt: Tonje Engevik. T-skjorte: Sissel Salmo. Lys og serviettar: Helene R Eriksen. Selbuvottar: Arvid Nordhus. Servietthaldar: Oddbjørg Løkling. Drikkeflaske: Bolette Lindeflaten. Drikkeflaske: Sverre Tytingvåg. Reisestigespel: Andreas Gjøsæter. Kong Haakon: Jarand T Rafdal. Flymo minitrimmar: Arvid Nordhus. Berenett: Helene Røstbø Treek. Brikker og løpar: Olav Bjelland. Korg og peanøtter: Preben Dahl. Korg og peanøtter: Anne Margrethe Birkeland. Klubbe: Viktor Vinsjevik. Kaffi og peanøtter: Sissel Salmo. Kaffi og peanøtter: Christopher M Eide. Korg, kaffi og peanøtter: Bente Madsen. Korg, kaffi og peanøtter: Helene Røstbø Treek. Selbuvottar: Eline P Nonås. Fruktkorg, Rema: Bjørg T Rønnekleiv. Fruktkorg, Ica: Maja Karina Sadowska. Salatbestikk: Palmar Olav Løklingholm. Påskeegg: Mathilde T Båtsvik

Solidaritetsdagen: Opp mot 70 000 kr!

torsdag, april 14th, 2011

«Me er kjempestolte over givargleda på solidaritetsdagen» seier rektor oppglødd. Før finteljinga ser det ut til at me fekk inn meir enn 65000 kr på loddsal, loppemarknad, kafe og konsert. «I tillegg får me inn anonyme gåver og skal panta flaskene, så det kan henda at me rundar 70 000 kr også!» Me har hatt fullt hus i heile dag med blide og idealistiske foreldre som fortel at det er godt med ein dag der ein kan tenkja på andre også, sjølv om me veit det er ting me treng her heime. Ekstra stas var det at ordførar Liv Kari Eskeland tok del i opningsseremonien! Inntekta av solidaritetsdagen går uavkorta til Toro barneheim i Uganda. Dei 2300 kronene som kom inn på «tippe-glaset» går til Røde Kors sitt naudarbeid i Japan. I tilfelle nokon skulle lura på det: Pengane er ikkje oppbevarte på skulen.