Omgangssjuke
torsdag, januar 19th, 2012
Det er høgsesong for omgangssjuke. Foreldre spør kor lenge ein bør venta før ein sender ungane på skulen igjen etter slik runde. Svaret frå smittevernlegen er 48 timar. Sjå infoskriv her.
Det er høgsesong for omgangssjuke. Foreldre spør kor lenge ein bør venta før ein sender ungane på skulen igjen etter slik runde. Svaret frå smittevernlegen er 48 timar. Sjå infoskriv her.
Me har fått følgjande melding om prisauke på SFO frå økonomiavdelinga i Stord kommune:
Til orientering
Komite for oppvekts og utdanning vedtok 12. desember nye satsar for SFO i Stord kommune gjeldande frå 1. januar 2012.
Satsane er :
Full plass 100% ex leksehjelp kr. 2.615,- pr. mnd
Deltidsplass 80% ex leksehjelp kr. 2.160,- pr. mnd
Deltidsplass 60% ex leksehjelp kr. 1.640,- pr. mnd
Deltidsplass 50% ex leksehjelp kr. 1.415,- pr. mnd
Satsane over vert redusert med kr. 105,- pr. veketime eleven har leksehjelp medan han/ho er i skulefritidsordninga.
Langeland skule treng vikarar – både assitentar og lærarar. Gjennom heile skuleåret, og særleg frå november til mars, har me trong for ringevikarar som kan ta ein eller fleire dagar.
Er du interessert, ta direkte kontakt med skulen: Vikarinnkallar er assisterande rektor Madli Eikehaugen, mobil 41 69 21 69. Du treng politiattest for arbeid med barn. Politiet skriv berre ut slik attest dersom skulen kan stadfesta at du er aktuell som vikar. Ta kontakt med oss, ring eller skriv SMS til Madli, så ordnar me dette!
- rektor
Nicholas vil takka elevrådet for super innsats denne hausten. Bra jobba alle mann! På biletet: Erik, Karoline, Ida, Malin, Lars Helge, Torbjørn, Odin Serine, Mathilde, Ingrid, Leif Erik, Sindre, Lukas, Tønnes, Sunniva, Lars og Nora
God jul og godt nyttår til alle på Langeland skule! Helsing elevrådet:)
Det blir innskrivingsmøte for føresette til nye førsteklassingar 10.11. Møtet er felles for Leirvik og Langeland. I år samlast me i gymsalen på Langeland skule torsdag 10.11 kl 19:00.
Elevane skal ikkje møte denne dagen.
Ta med utfylt innskrivingsskjema dersom de har fått dette i posten. Elles kan de få skjema på møtet.
Me ber om at føresette som ikkje kan møta denne kvelden tek kontakt med skulen dei ønskjer at barnet skal gå på eller sender innskrivingsskjemaet til skulen. Me har trong for å få oversikt over elevtalet med tanke på planlegging og budsjett.
Vel møtt og velkomen til skulen!
Øyvind Nordlie, rektor
Leksehjelp er eit gratis tilbod på skulen til elevar i 1.-4. klasse.
Det blir ei eller to grupper på kvart årssteg.
Tider for 1. og 2. steg: 13:15-14:15 måndag og onsdag.
Tider for 3. og 4. steg: 14:00-15:00 måndag og onsdag.
Dei første 15 minuttane får elevane fysisk aktivitet ute for å bli ”klarare i toppen” til leksearbeidet.
Realistiske forventningar – kva gir best læringsresultat for barnet dykkar?
Me har dyktige medarbeidarar som står for leksehjelpordninga her på Langeland. Dei gjer ein heilhjarta innsats innafor dei praktiske rammene ordninga har.
Me ber likevel om at kvar heim vurderer nøye om kva som gir best lærings-resultat for barnet dykkar: Leksehjelp på skulen eller heime?
Leksehjelp heime med foreldre kan i ein del tilfelle gje betre arbeidsvanar, betre ro og betre læringsresultat enn leksehjelpordninga på skulen.
Leksehjelpa passar for elevar som fint klarar å konsentrera seg i ein slik setting, men som kan trenga litt hjelp frå ein vaksen av og til.
MERK: Sjølv om barnet har gjort lekser på skulen, må heimen framleis kontrollera leksa og høyra dei i leseleksene.
Paktisk om leksehjelpordninga
Leksehjelp er gratis, men med bindande påmelding.
Norm for ordninga: Maksimalt 28 elevar med ein leksehjelpar (assistent eller fagarbeidar) på kvar gruppe.
Den vaksne på leksehjelp-gruppa brukar tida si på å hjelpa elevar med leksene.
Barnet dykkar treng arbeidsro i leksehjelpgruppa – difor krev me også at barnet dykkar tek omsyn til arbeidsro for dei andre.
Er det greitt for dykk at eleven går heim når han/ho er ferdig med leksene sine, skriv ”Ja” på svarslippen for dette.
For å be fri frå leksehjelp ein dag: Skriv melding i meldingsboka. Eleven må visa meldinga på leksehjelp før han/ho går heim.
Dersom eleven skal slutta på leksehjelp: Skriv melding i meldingsboka.
Svarfrist tysdag 25. august – Last ned Skjema
-rektor
Vel møtt til nytt skuleår! Første skuledag for elevane er onsdag 17. august.
Tilsette og lærlingar startar måndag 15. august kl 8:00 med planleggingsdagar.
Det blir kjekt å sjå dykk alle!
Helsing rektor Øyvind
Nicholas vil takka elevrådet for super innsats denne våren. Bra jobba alle mann! På biletet: Marie, Adrian, Thea, Frida, Juliana, Reinert, Astrid, Kjell, Markus V, Viljar, Mathilde M, Hanna, Sigmund. Ikkje til stades: Johannes, Mathilde B.
Elevrådet for hausten: Henrik, Ingvild, Tobias M, Tobias V, Thorstein, Andrea, Ruben, Ragnhild, Lisbeth, Ada, Morten, Jacob, Brita, Espen, Albert, Emma. Takk for flott innsats!
God sommar til alle på Langeland skule! Helsing elevrådet:)
Førskuledag fredag 10. juni
Foreldremøte tysdag 14. juni
Vel møtt – helsing rektor
Det blir ikkje flytting av elevar som har skrive seg inn på Langeland over til Leirvik. Dette vedtok Komite for oppvekst og utdanning i ettermiddag. Det blir tre klassar, ikkje to som var utgongspunktet.
Planen er å bygga fullverdige skulelokale for å gje plass til elevane som skal byrja på Langeland i åra framover. Ordlyden i vedtaket er:
(sitat…)
Komite for oppvekst og utdanning ber om at rådmannen finn plass til elevane som det er snakk om i denne saka, med fullverdige skulelokale på Langeland skule.
Komiteen ynskjer ikkje å nytta lokal forskrift om skulegrenser i denne saka. Komiteen ber om at rådmannen finn midlar til dette ved revidering av budsjettet.
(..sitat slutt)
«Eg er glad for at politikarane prioriterar skuleplass til dei mange elevane våre. Dette blir ei stor lette når dei nye lokala er på plass!» er rektor Øyvind Nordlie sin umiddelbare kommenter. «Men i mellomtida blir det trangt! Me går umiddelbart i gong med å finnna praktiske løysingar. Dei tilsette står framfor eit utfordrande år, det må me alle ha respekt for. Og føresette og elevar må bu seg på at organiseringa av skuleveka kan bli litt endra på alle klassesteg. Men eg lovar at alle på Langeland i samarbeid med FAU og elevrådet gjer sitt beste for elevane i denne mellomperioden.»