Saker frå november, 2011

Innskriving for nye førsteklassingar

onsdag, november 2nd, 2011

Det blir innskrivingsmøte for føresette til nye førsteklassingar 10.11. Møtet er felles for Leirvik og Langeland. I år samlast me i gymsalen på Langeland skule torsdag 10.11 kl 19:00.

Elevane skal ikkje møte denne dagen.

Ta med utfylt innskrivingsskjema dersom de har fått dette i posten. Elles kan de få skjema på møtet.

Me ber om at føresette som ikkje kan møta denne kvelden tek kontakt med skulen dei ønskjer at barnet skal gå på eller sender innskrivingsskjemaet til skulen. Me har trong for å få oversikt over elevtalet  med tanke på planlegging og budsjett.

 

Vel møtt og velkomen til skulen!

Øyvind Nordlie, rektor