NYTT: Politisk vedtak om skuleplassar på Langeland

Det blir ikkje flytting av elevar som har skrive seg inn på Langeland over til Leirvik. Dette vedtok Komite for oppvekst og utdanning i ettermiddag. Det blir tre klassar, ikkje to som var utgongspunktet.

Planen er å bygga fullverdige skulelokale for å gje plass til elevane som skal byrja på Langeland i åra framover. Ordlyden i vedtaket er:

(sitat…)

Komite for oppvekst og utdanning ber om at rådmannen finn plass til elevane som det er snakk om i denne saka, med fullverdige skulelokale på Langeland skule.  

Komiteen ynskjer ikkje å nytta lokal forskrift om skulegrenser i denne saka. Komiteen ber om at rådmannen finn midlar til dette ved revidering av budsjettet.

(..sitat slutt)

 

«Eg er glad for at politikarane prioriterar skuleplass til dei mange elevane våre. Dette blir ei stor lette når dei nye lokala er på plass!» er rektor Øyvind Nordlie sin umiddelbare kommenter. «Men i mellomtida blir det trangt! Me går umiddelbart i gong med å finnna praktiske løysingar. Dei tilsette står framfor eit utfordrande år, det må me alle ha respekt for. Og føresette og elevar må bu seg på at organiseringa av skuleveka kan bli litt endra på alle klassesteg. Men eg lovar at alle på Langeland i samarbeid med FAU og elevrådet gjer sitt beste for elevane i denne mellomperioden.»

Comments are closed.