Saker frå mai, 2011

NYTT: Politisk vedtak om skuleplassar på Langeland

tysdag, mai 31st, 2011

Det blir ikkje flytting av elevar som har skrive seg inn på Langeland over til Leirvik. Dette vedtok Komite for oppvekst og utdanning i ettermiddag. Det blir tre klassar, ikkje to som var utgongspunktet.

Planen er å bygga fullverdige skulelokale for å gje plass til elevane som skal byrja på Langeland i åra framover. Ordlyden i vedtaket er:

(sitat…)

Komite for oppvekst og utdanning ber om at rådmannen finn plass til elevane som det er snakk om i denne saka, med fullverdige skulelokale på Langeland skule.  

Komiteen ynskjer ikkje å nytta lokal forskrift om skulegrenser i denne saka. Komiteen ber om at rådmannen finn midlar til dette ved revidering av budsjettet.

(..sitat slutt)

 

«Eg er glad for at politikarane prioriterar skuleplass til dei mange elevane våre. Dette blir ei stor lette når dei nye lokala er på plass!» er rektor Øyvind Nordlie sin umiddelbare kommenter. «Men i mellomtida blir det trangt! Me går umiddelbart i gong med å finnna praktiske løysingar. Dei tilsette står framfor eit utfordrande år, det må me alle ha respekt for. Og føresette og elevar må bu seg på at organiseringa av skuleveka kan bli litt endra på alle klassesteg. Men eg lovar at alle på Langeland i samarbeid med FAU og elevrådet gjer sitt beste for elevane i denne mellomperioden.»

Prisauke SFO

torsdag, mai 26th, 2011

Det blir prisauke på SFO frå hausten av. Sist prisauke var 1. januar 2010.  Legg også merke til at kommunestyret har vedteke at ordninga med einskilddagar felle bort. Me har fått følgjande frå Økonomigruppa i Stord kommune:

Endring i satsar for opphaldsbetaling/brukarbetaling i barnehage – SFO – kulturskulen frå 1.august 2011.

Kommunestyret har i møte 14. april vedteke auke i betalingssatsane for barnehage, SFO samt Kulturskulen.
Satsauken skal gjelde frå 1. august 2011.

Nye satsar er:

SFO

Full plass 100% ex. leksehjelp    kr.        2.490,-
Deltidsplass 80% ex. leksehjelp  kr.        2.055,-
Deltidsplass 60% ex. leksehjelp  kr.        1.560,-
Deltidsplass 50% ex. leksehjelp  kr.        1.350,-

Tilbodet om dagspris fell bort.

5B på fredsstafett

fredag, mai 6th, 2011



Onsdag 4. mai deltok 8 kjekke elevar frå 5B (den minste klassen på mellomtrinnet på skulen;)) på årets fredsstafett. 3 gutar og 5 jenter, fordelt på 8 etapper, løp på bane, asfalt og sti. Super innsats resulterte med en flott 5. plass, bare 2 sekunder frå seierspallen! 12 lag deltok på stafetten. Laget: Mathilde, Tobias, Madelen, Oddbjørn, Ylva, Ida, Helene og Stian. Klassen kunne kanskje ha stilt med endå eit lag, men fleire elevar var opptatt med andre aktivitetar. Flott innsats!

Brennkoppar

tysdag, mai 3rd, 2011

 Me har fått melding om at brennkoppar er noko som går i området i desse dagar. Helsesøster Margunn har gjett oss råd om korleis skule og heim tek dette:

  • Sjå etter skorpebelagte sår, oftast på munnen og i hender.
  • Hald barnet heime frå skulen.
  • Må til lege for å få medisin. Små sår dekkast med antibakteriell salve og plaster.
  • Kan gå på skulen dagen etter at behandling er starta.

 Rektor