Arbeid mot mobbing
Slik vil me ha det på Langeland skule
- Elevar skal kunne kjenne seg trygge
- Tydeleg kva for reglar som gjeld
- Elevane skal oppleva at mobbeåtferd og plaging ikkje er akseptert
- Uønska åtferd og mobbing blir stoppa – og får konsekvensar
- Haldningane i elevmiljøet er negative til mobbeåtferd
- Foreldre og skule står saman om grensesetting og positive verdiar
Olweus-programmet mot mobbing
I Noreg er i hovudsak to antimobbe-program som har dokumentert verknad og som blir anbefalt av Utdanningsdirektoratet. Desse to programma er Zero og Olweus. Langeland brukar Olweus-programmet.
Viktige komponentar i programmet er:
- Klassemøte: Lærarane tek opp aktuelle saker og det blir jobba førebyggande med å synleggjere kva mobbing er og å læra elevane kva ein skal gjera for at me ikkje skal ha mobbing på skulen vår
- Klare rutinar for kva me gjer dersom me ser, får høyre om eller har mistanke om mobbing.
- Me har eit internkontroll-system for å sikra at Olweus-programmet blir følgd opp i alle klassar:
- Rutinepermar for både førebyggande arbeid og handsaming av mobbe-episodar.
- Me samlar inn dokumentasjon i form av sjekkliste/referat referat frå alle klassane kvar månad. Åshild Vestbøstad har ansvar for oppfølging av dette.
- Fellesreglane for vaksen-oppfølginga blir oppfriska og oppdaterte på personalmøte minst to gongar i året. I tillegg har me lærarmøte og SFO-møte for oppfølging av Olweus-programmet fast gjennom året.
Kva for rutinar har skulen når det er mistanke om mobbing?
Viktige stikkord
- Rutine for å vera vakne – avdekka det me kan sjå
- Rutine for å undersøka kva som har skjedd
- Rutine for å ta vare på den det har gått ut over
- Rutine for informasjon til heimen til dei involverte dersom det viser seg at dette er ei mobbesak
- Rutine for å gripa inn overfor mobbarane
- Sanksjonsmidlar for å stoppa mobbing gjennom ordensreglane. Ordensreglane er vedtekne av Samarbeidsutvalet på skulen og har status som lokal forskrift.
Meld ifrå når du veit om noko!
Usynleg mobbing kan gå over mange år og kan setta djupe spor og gjera stor skade. Er me realistiske, må me vedgå at slik mobbing truleg finst på vår skule også, ikkje berre andre stader. Me vil difor ikkje at elevar eller føresette skal kvi seg for å melda ifrå om mobbing, difor snakkar me høgt om skilnaden mellom sladring og varsling:
- Varsling er å seia ifrå fordi du vil at nokon skal slippa å ha det vondt.
- Sladring er å seia ifrå fordi du håper nokon skal bli straffa.
Me vil ikkje ha ein sladrekultur på skulen vår. Men alle har ei plikt til å varsla! Det å seia ifrå er noko av det viktigaste me gjer dersom me bryr oss om ungane våre! Det naturlege er å seia ifrå til kontaktlæraren, til SFO-leiar eller til rektor.
Kva om det ikkje nyttar?
Langeland skule tek mobbeproblematikken på alvor. Me vil at alle skal oppleva at dei blir møtt på ein skikkeleg måte når dei tek opp elevmiljøsaker og mobbeproblematikk.
Ta først kontakt med tilsette eller rektor munnleg. Last ned brosjyre frå Utdanningsdirektoratet som fortel om kva ein kan gjera og kva for rettar føresette har.
Elevar og føresette har klare rettar etter Opplæringslova §9a. Føresette kan melda inn ei mobbesak skriftleg. Då har skulen plikt til å handsama meldinga etter reglane i Forvaltningslova, dvs at de har rett på eit svar og har klagerett på svaret.
Tags: Mobbing, Olweus, Ordensreglementet