Torbjørn Røssland er ny lærar på sjuande steg. Han skal også vere musikklærar for fleire klasser.
Me har intervjua han over epost, slik at du kan bli litt kjend med han på førehand.
Kvifor ynskjer du å jobba som lærar ved nettopp denne skulen?
Eg vaks opp på Stord, men har budd vekke frå øya dei siste 10 åra. Tida kjentes no moden for å venda tilbake til Vestlandet, og då var jobb på Langeland skule eit bra valg. Skulen har eit flott musikkorps som eg skal få æra av å dirigera. Eg er nemleg utdanna musikar i tillegg til å vera utdanna lærar, så då passar ein slik kombinasjon perfekt.
Kan du seia litt om kva du har jobba med tidlegare?
Samstundes som eg studerte til å bli lærar ved HSH jobba eg som dirigent både i Sagvåg skulekorps og Huglo skulekorps. Etter denne perioden flytta eg til Oslo for vidare studier ved Norges Musikkhøgskole. Her studerte eg 4 år for å bli utøvande musikar på hovudinstrumentet mitt euphonium. Ved sida av studiet arbeida eg som dirigent og freelansmusikar.
Etter eitt år med vidareutdanning i Tromsø var eg heldig å vinna eit prøvespel som musikkoffiser i Forsvarets Stabsmusikkorps. Eg jobba då som fulltidsansatt musikar i 2 år.
Dei siste to åra har eg jobba som kontaktlærar ved Hasle skole i Oslo.
Kva likar du å gjera når du ikkje jobbar?
I tillegg til å vera interessert i musikk er eg og veldig glad i laga mat, så heime er eg ein ivrig hobbykokk som liker å eksperimentera med nye rettar. Eg liker og å trena og fiska.
(ØN/TR)