Saker frå april, 2010

Førskuledag 28. mai

tysdag, april 27th, 2010

Det blir førskuledag for nye førsteklassingar i følgje med ein vaksen 28. mai. Nærare informasjon kjem i brev til dei som er innskrivne på Langeland, i tillegg til informasjonen her på nettsida. Vel møtt!

-rektor

Helsesøster på torsdagar

tysdag, april 27th, 2010

Helsesøster er på skulen på torsdagar. Det har vore ein vinter med mykje «til-og-frå» når det gjeld helsesøstertenesta, mykje av dette skuldast massevaksineringa mot svineinfluensa. Men no er ho på plass att. Om det er behov for det, er ho å treffa på mob.97552024 

-rektor

SFO-plass neste år

måndag, april 26th, 2010

Langeland skule har til no ikkje gått ut med påmelding eller søknasfrist for SFO neste skuleår.

Grunnen til dette er at det ikkje er heilt klart enno korleis vilkåra og prisane blir. Det kan bli snakk om å starta opp med ei leksehjelpordning som påverka dette biletet. Stord kommune har ikkje avklart kva for følgjer dette eventuelt får for SFO-prisane og timetalet på dei ulilke opphalda.

Så snart det blir på tide å søkje, vil dei som har ungar på SFO allereie få eit skriv om dette. For nye førsteklassingar kjem det ei kunngjering her på nettsida og for dei som er innskrivne på Langeland, vil de også få brev i posten.

Me får ein del spørsmål frå foreldre om dei kan vere trygge på at barnet deira frå SFO-plass. Til det vil me seie at me ikkje har avvist nokon til no på grunn av mangel på kapasitet.

-rektor

«Den magiske trappa»

torsdag, april 22nd, 2010

Klasse 4B på reise med ei magisk kappe. Linda Rios leia oss gjennom porten til Orienten, og tok oss med på ei magisk reise. Elevane var med frå første stund, og syns det var veldig morsomt å bli dregne med inn i historia. Det er ei oppleving å høyra og sjå så flinke forteljarar.

Skulekorpset best!

torsdag, april 22nd, 2010

Laurdag 17.04.10 deltok Langeland skulekorps på Higrefestivalen i Tysvær. Dei deltok i 1. divisjon der dei stakk av med 1. prisen. I tillegg vann dei ein kornett som vart trekt ut til eit av korpsa og prisen for beste underhaldningskorps.

Korpset deltok med tre songar og afrikanske rytmar; Madiba Jive (frå Hot`n Funky), Circle of Life (Løvekongen) og synte stor speleglede under Hip to be Square.

Det var glade og stolte korpsingar som kom heim laurdags ettermiddag. Dette er tre gjeve prisar som tilhøyrer heile skulen. GRATULERER LANGELAND SKULE!

Ferieklubb på Leirvik skule

onsdag, april 14th, 2010

Langeland skule har ikkje SFO-tilbod i sommarferien. Me kan imidlertid anbefala ferieklubben på Leirvik skule som eit godt alternativ. Frist for å melda interesse er 26. april. Klikk her for påmeldingsskjema: Ferieklubb 2010