Saker frå februar, 2010

Ordensreglement–lokal forskrift for Langeland skule

tysdag, februar 23rd, 2010
 

Vedteke av skulen sitt samarbeidsutval 21. Juni 2010. 

A: Trivselsreglar og ordensreglar

 For at Lageland skule skal vera ein god skule der alle trivst og er trygge, har me ordensreglar. Reglane gjeld for alle elevar, både på skulen og på veg til eller frå skulen. 

  • Vis omsyn og respekt for elevar og vaksne.
  •  Sei kjekke, positive ord.
  •  Ingen har lov til å plaga.
  •  Respekter stoppregelen.
  •  Møt presis.
  •  Hald arbeidsro i timane og vis respekt for undervisninga.
  •  Banning eller ukvemsord er ikkje lov.
  •  Hald deg på skuleområdet i skuletida.
  •  Ta vare på skulebygningen, utstyr, bøker og møblar.
  •  La andre sine sekkar, ting og kler vera i fred.
  •  Bruk trivselsreglane også når du er på Internett.
  •  Det er berre lov å kasta snøball på blink.
  •  Det er ikkje lov å ha farlege gjenstandar.
  •  Det er ikkje lov å ha tobakk eller rusmiddel.
  •  Det er ikkje lov å klatra på bygningane eller taket.
  •  Det er ikkje lov å ha mobiltelefon på skulen. Dersom føresette skriv melding om det, kan ein elev ha mobiltelefon med seg ein einskilddag. Då må telefonen ligga i sekken og vera avslått.
  •  Det er ikkje lov å ha med MP3-spelar eller liknande på skulen.
  •  Det er ikkje lov å ta bilete, video- eller lydopptak i private situasjonar.
  •  Følg trafikkreglane på skulevegen.
  •  Frå femte steg og oppetter kan du sykla til skulen. Du må nytta hjelm.
  •  Det er berre lov å ha med søtsaker ved høve der du har fått beskjed om det.   

B: Reaksjonar ved brot på ordensreglementet  

 

  • Dersom milde reaksjonar ikkje fører til betring, må skulen bruka sterkare verkemiddel.
  • Dersom eit problem er vedvarande, skal heimen ha informasjon munnleg eller skriftleg.
  • Eleven får høve til å ordna opp og be om unnskyldning.
  • Eleven skal få høve til å forklara seg for rektor før skulen set inn alvorlege reaksjonar, som til dømes bortvisning (jfr Opplæringslova §2.9)
       
  •  

Konsekvens for den som bryt reglane 

  • Ein vaksen snakkar til eleven.
  • Må skifta arbeidsstad i klasserom, på grupperom eller på anna rom.
  • Misser eit gode 
  • Alvorleg samtale med lærar eller rektor.
  • Lærar eller rektor melder ifrå til heimen per telefon.
  • Skriftleg avtale. Konsekvens dersom avtalen blir broten.
  • Eleven sjølv må ringa ein føresett frå rektor sitt kontor og fortelja.
  • Lærar eller rektor skriv brev til føresette.
  • Eleven sjølv må skriva ned kva han/ho har gjort som vedlegg til brev heim.
  • Møte med føresette.
  • Restriksjonar som gjeld friminutt. Til dømes friminutt til andre tider eller at eleven må gå saman med ein vaksen. (For ein periode eller ein einskilddag)
  • Eleven får ikkje vera inne i klasserommet frå 8:15-8:30. (For ein periode eller ein einskilddag)
  • Gjensitting slik at eleven ikkje får gå heim på same tid som andre elevar. (For ein periode eller ein einskilddag)
  • Bortvising for resten av dagen etter avgjersle frå rektor.
  • Undervisning i anna klasse etter avgjersle frå rektor.
  • Undervisning i andre lokale etter avgjersle frå rektor.
  • Heimeundervisning etter avgjersle frå rektor.

I tillegg, ved beslag av gjenstand

  • Skulen avtalar med heimen om når og korleis eleven skal få gjenstanden tilbake.
  • Farlege gjenstandar må uansett hentast av føresette.

I tillegg, ved brot på sykkelreglane

  • Åtvaring
  • Misser retten til å få sykla til skulen for ein periode.

I tillegg, dersom ein elev har misbrukt eller øydelagd datautstyr

  • Misser retten til å få bruka skulen sine datamaskinar, heilt eller delvis for ein periode.

I tillegg, dersom ein elev har øydelagd noko med vilje eller grov aktløyse

  • Eleven må retta opp for skade eller hærverk.
  • Erstatningsansvar.

Vern mot krenkande åtferd

Dersom det er naudsynt å verna ein annan elev mot krenkande åtferd eller trugande situasjonar (jfr Opplæringslova §9a), kan skulen nekta einskildelevar å få vera med på ein tur eller ein aktivitet. Dette er ikkje å sjå på som straff, men vern. Skulen vil då tilby eit alternativt opplegg.

Atom og molekyl

tysdag, februar 9th, 2010

Me har jobba med temaet «atoma – dei minste byggjeklossane i universet» Me har både lese og teikna. Nokre atom laga elevane  i modellkitt og sette deisaman til ulike molekyl.

Omgangssjuke

tysdag, februar 9th, 2010

Det er høgsesong for omgangssjuke. Foreldre spør kor lenge ein bør venta før ein sender ungane på skulen igjen etter slik runde. Svaret frå smittevernlegen er 48 timar. Sjå infoskriv her.

MATTEDAG

måndag, februar 8th, 2010

Me hadde ein kjekk og lærerik mattedag på torsdag. Elevane på mellomsteget var blanda i grupper og var innom ulike stasjonar.  Det var data,  ulike spel, vindaugs-stjerner  og tetraeder. I gymsalen bygde me ein gigantisk pyramide av tetraeder.