Saker frå november, 2009

Månadens bilde

fredag, november 27th, 2009

IMG_1401red

Karl Petter Sulen løyste månadens teikneoppgåve på ein flott måte! Han teikna frå eventyret om Hans og Grethe.

Oppdatert: Vaksinering

torsdag, november 26th, 2009

 

TYSDAG 1.desember

ONSDAG 2. desember

08.30 – 4A 08.30 – 4B + 4C
09.30 – 3B 09.30 – 5A
10.30 – 3A 10.30 – 5B
11.30 – 2B + 2C 11.30 – 6A
12.30 – 2A 12.30 – 6B
13.30 – 1B 13.30 – 7A
14.30 – 1A 14.30 – 7B

TYSDAG 1. desember treng me hjelp frå foreldra til å gjennomføra vaksinasjonsdagen. Som de veit er elevane i småskulen ferdige  på skulen kl. 12.15 denne dagen. Ein del av elevane skal på SFO, men mange brukar også å gå heim. For at alle skal kunna bli vaksinerte, treng me heile dagen på oss, og dei siste kan truleg ikkje koma heim før ca. kl. 15.15. Dei som ikkje skal vaksinerast, kjem sjølvsagt heim til vanleg tid. Dei som skal vaksinerast, får sjå film i mediateket frå skulen er ferdig og fram til det er deira tur.

Me ynskjer at foreldra til dei elevane som skal vaksinerast etter kl. 11.30, kjem til skulen for å vera saman med barnet sitt. Etter vaksinasjonen, kan barnet vera med heim. Dei som skal på SFO, går dit. Foreldre til elevar som skal vaksinerast før 11.30, kan også vera med om dei ynskjer dette. Det kan vel henda at mange av dei små vil synast det er godt å ha mor eller far med på seansen.

ONSDAG 2. desember er det stort sett dei eldste elevane som skal vaksinerast. Denne dagen kan også foreldra vera med om dei ynskjer det, men me ser ikkje på dette som så naudsynt som dagen før.

For å få vaksine, må elevane ha med stadfesting frå heimen, skjema kan lastast ned her. (Elevane får også med seg skjema i papirform i ranselen)  Klikk her: Revidert til foreldre[1] barneskule[1]

Vaksina kostar kr. 50. Elevane må ha pengar med seg på skulen vaksinasjonsdagen, og får kvitering med seg heim. Sjølv om det er elevar som ikkje vil ha vaksina no, så er det alltid høve til å få ho seinare.

-rektor

Me treng «ringevikarar»

tysdag, november 24th, 2009

Langeland skule treng ringevikarar både til assistent- og  lærar-vikariat. Ta kontakt med Madli Eikehaugen på 53456466 eller send epost til skulen. Det er krav om politiattest for arbeid med barn. Du kan få slik attest på lensmannskontoret, men dei krev at du har ei stadfesting frå skulen om at du er aktuell for vikarjobbing.

-rektor

Nytt frå kommunelegen om svineinfluensa

sundag, november 15th, 2009

 pandemi Me har fått følgjande informasjon frå kommunelege Lars Helge Sørheim:

- Dei hygieniske (hoste/hånd) reglane gjeld fortsatt og med auka «tyngde» no når vi har litt fleire tilfelle også på Stord. Det ser ut som første epidemibølgja er over i god tid før jul og då kjem neste godt ut på nyåret om det går slik ekspertane «spår».  

- Er det sterk misstanke om influensa, bør borna halda seg heime i alle fall ei veke og til dei har vore feberfrie 1 dag.

-Vaksine av skulebarn reknar vi med startar i slutten av veke 47 eller i veke 48. Vi startar i «vidaregåande», deretter ungdomsskulane, så barneskulane og deretter barnehagane slik det ser ut no.

Sjå også info om kikhoste.

(meir …)

Fjelldagen blei perfekt!

onsdag, november 11th, 2009

Fjelltur nov 09 196

Elevane viste seg frå si aller beste side på fjellturen i dag. Eg er stolt over å få vere i lag med så flotte barn og ungdomar. Fjellturar og dagar som dette er noko av det beste me gjer på skulen, for det får fram det beste i oss. Og me får vera saman om ei flott oppleving. Takk til lærarane og assistentane for ekstrainnsatsen som gjorde det mogleg å dra til fjells på kort (vèr)varsel.

-rektor

(meir …)

Me tek vare på kloden vår !

tysdag, november 10th, 2009

                                                                                                     

DSC00359Dette er eit fascinerande tema!  Særleg det å studera dinosaurar, mala dinosaurar og forma dei i leire er spanande. Det er òg rart og skremmande at det er dyr som no står i fare for å bli utrydda.  Desse står på «Raudlista».  Kva kan me gjera for å hindra dette ?  (meir …)

FAU informerer frå eigen nettside

onsdag, november 4th, 2009

Trond Lekve, leiar for FAU, legg ut informasjon og referat frå FAU på nettsida fau.langelandskule.no

Kjeldesortering og besøk på SIM

tysdag, november 3rd, 2009

4.trinnet har nyleg vitja SIM, og fekk mykje nyttig informasjon om kjeldesortering og gjenbruk. Elevane har arbeidd lenge med tema, og vart ekstra inspirerte til å ta vare på miljøet. I samband med emnet har elevane laga til ei flott utstilling i skulen sitt mediatek, som kan syna litt av det dei har lært !! No er me berre spente på om nokon av 9-åringane vinn teikne- og dikt-tevlinga,som Sim inviterte elevane til å vera med på !!DSC00350

(meir …)

Nysæterbassenget opnar att

måndag, november 2nd, 2009

Nysæterbassenget opnar att 16. november. Elevane på småskulesteget får melding på vekeplan/lekseplan om kva for grupper og kva for tider som gjeld for dei som skal ha symjeundervisning.

-rektor