Framlegg til påbygg av 3 klasserom
fredag, oktober 23rd, 2009Bilete: Skulen manglar tre klasserom, to av desse er no i den mellombelse brakkeløysinga til høgre på biletet.
I rådmannen sitt framlegg til busjett og økonomiplan, er det naudsynte påbygget på Langeland prioritert. Skulen og FAU er samde om at dette er ei rett prioritering, i kombinasjonen med ein eventuell ny skule som må byggast dersom veksten i krinsen held fram.
- Dette kjem seint, men godt, meiner rektor Øyvind Nordlie. Me er nøgde med at Rådmannen ser behovet her på Langeland og fremmar eit budsjettframlegg som legg opp til så rask framdrift som mogleg.
- FAU gir meg tydelege signal på at foreldra har høge forventningar til at kommunestyret no følgjer opp. Dei veit at politikarane kjenner til uroa og bekymringa som har vore blant foreldra i krinsen.
FAU kjem til å følgja opp vidare i høve til budsjetthøyringane fagkommiteane arrrangerer. Les meir om rådmannen sitt framlegg til budsjett på Stord kommune si heimeside.





