Har du barn som skal byrja neste haust?
onsdag, september 30th, 2009Me ber om at føresette som skal skriva inn elevar på Langeland for skulestart hausten 2010, gjer dette så snart som råd. Etter innskrivingsmøtet 29. september har me fått 40 namn, men me veit at det er nokre som ikkje hadde høve til å møta på innskrivingsmøtet. Som mange kjenner til, har Langeland skule trong for fleire klasserom. Når det gjeld fordelinga av klassar og elevar mellom Leirvik og Langeland, må me difor ta atterhald inntil ei avklaring frå politisk hald ligg føre. Det er då særs viktig at me veit kor mange som skriv seg inn.
-rektor
