Kikhoste – fleire plaga i Stord

Frå kommunelegen – Det er fleire som utover seinsommaren og hausten har fått plager med langvarig hoste utan at dei elles er særleg sjuke. Ein del av desse er smitta av kikhostebakterien og dette har auka på litt hjå oss på Stord.

 Kikhoste kan verta alvorleg for born under 2 års alder og særleg for dei minste av desse. Dette er fordi dei minste kan slutta å pusta i samband med hosteanfalla. Dødsfall av dette har til no vore svært sjeldan i Norge. Det er likevel viktig at dei som er plaga med sterkt hoste eller har vore i kontakt med folk som har plageleg hoste, skjermar desse småborna med gode hygienerutinar (handvask/hoste) og gjerne unngå nærkontakt med småbornsfamiliar dei første 2-3 vekene.

 

Dei aller fleste av oss har fått vaksine mot kikhoste frå 3 månaders alder (”trippel”), med vidare påfyll i første leveår, etter at det vart ein del av ”Bornevaksinasjonsprogrammet” frå 1952. Det førte til ein markert nedgang i alvorleg sjukdom og død mellom små born av denne sjukdommen. Dei siste 10 åra har det vore ein auke i kikhostesmitte, mest fordi større born og ungdom ikkje lengre har eit vern av vaksinen dei fekk som småborn, og såleis auke av kikhostebakteriar mellom oss, sidan vi ikkje lengre er immune. Likevel har det til no vore lite problem overfor speborna.

 

Dette er ikkje farleg utover småbornsalder, men kan gje 2-3 månader med ille hoste. Den smitteførande perioden varer om lag 3 veker frå hosten startar eller inntil 5 dagar etter antibiotikabehandling er starta. Antibiotikabehandling kan gje effekt på kor lenge plaga varer dersom ein kjem i gang med behandling innanfor dei første 1-2 vekene av symptom, men har lite verknad om behandlinga startar 3 veker etter første symptom på sjukdommen. Medisinen som skal brukast kan ha nokre forbigåande biverknader, slik at det skal vera god grunn for å behandla denne infeksjonen som går over av seg sjølv hjå born,unge og vaksne.

 

Om de har spørsmål kring dette, ring gjerne underskrivne eller send ein ”mail”.

 

Stord, den 18.11.09.

 

L. H. Sørheim

kommunelege

Tags: , ,

Comments are closed.