Saker frå august, 2009

Svineinfluensaen

torsdag, august 20th, 2009

Kommunlegen og skulen ber føresette om å ha låg terskel for å halda ungane heime frå skulen, dersom dei har influensaliknande symptom.

Skulen følgjer opp med særleg fokus på

  • Å læra opp elevane til å unngå å smitta kvarandre med hosting, snått, biting på blyantane osb.
  • Handvask.
  • Me kjem til å ta i bruk desinfiserande handvaskmiddel i dei romma som ikkje har vanleg handvask.

Sjå meir informasjon under «Sjukt barn» til høgre i menyen.

-rektor

Oppdatert informasjon for skuleåret 09-10

torsdag, august 20th, 2009
  • Me har fått ny helsesøster.  Sjå «Helsesøster» under «Informasjon» i menyen som ligg til høgre.
  • Klassane på mellomsteget, det vil seia femte, sjette og sjuande har fått 10 minutt lenger skuledag på mån-tys-ons-tors, men ikkje på fredag.  Sjå «Timeplanar» i menyen til høgre.

Me har no bemanna sentralbord/kontor på måndagar, onsdagar og fredagar. Det kan vera vanskeleg å få tak i oss utanom dette, men me gjer så godt me kan for å møta henvendingar på tysdagar og torsdagar også.  Likevel er oppmodinga til heimane klar: Det er lettast å få tak i oss på mån-ons-fre.

-rektor

Kikhoste – fleire plaga i Stord

onsdag, august 19th, 2009

Frå kommunelegen – Det er fleire som utover seinsommaren og hausten har fått plager med langvarig hoste utan at dei elles er særleg sjuke. Ein del av desse er smitta av kikhostebakterien og dette har auka på litt hjå oss på Stord.

 Kikhoste kan verta alvorleg for born under 2 års alder og særleg for dei minste av desse. Dette er fordi dei minste kan slutta å pusta i samband med hosteanfalla. Dødsfall av dette har til no vore svært sjeldan i Norge. Det er likevel viktig at dei som er plaga med sterkt hoste eller har vore i kontakt med folk som har plageleg hoste, skjermar desse småborna med gode hygienerutinar (handvask/hoste) og gjerne unngå nærkontakt med småbornsfamiliar dei første 2-3 vekene.

 

Dei aller fleste av oss har fått vaksine mot kikhoste frå 3 månaders alder (”trippel”), med vidare påfyll i første leveår, etter at det vart ein del av ”Bornevaksinasjonsprogrammet” frå 1952. Det førte til ein markert nedgang i alvorleg sjukdom og død mellom små born av denne sjukdommen. Dei siste 10 åra har det vore ein auke i kikhostesmitte, mest fordi større born og ungdom ikkje lengre har eit vern av vaksinen dei fekk som småborn, og såleis auke av kikhostebakteriar mellom oss, sidan vi ikkje lengre er immune. Likevel har det til no vore lite problem overfor speborna.

 

Dette er ikkje farleg utover småbornsalder, men kan gje 2-3 månader med ille hoste. Den smitteførande perioden varer om lag 3 veker frå hosten startar eller inntil 5 dagar etter antibiotikabehandling er starta. Antibiotikabehandling kan gje effekt på kor lenge plaga varer dersom ein kjem i gang med behandling innanfor dei første 1-2 vekene av symptom, men har lite verknad om behandlinga startar 3 veker etter første symptom på sjukdommen. Medisinen som skal brukast kan ha nokre forbigåande biverknader, slik at det skal vera god grunn for å behandla denne infeksjonen som går over av seg sjølv hjå born,unge og vaksne.

 

Om de har spørsmål kring dette, ring gjerne underskrivne eller send ein ”mail”.

 

Stord, den 18.11.09.

 

L. H. Sørheim

kommunelege

Permisjon – fri for elevar

laurdag, august 8th, 2009

For alle permisjonar ut over tre dagar skal søknadsskjema fyllast ut og sendast rektor i god tid før permisjonen startar. Etter opplæringslova §2-11 kan kommunen gje ein elev permisjon i inntil to veker når det er forsvarleg. Me meiner at det som regel ikkje er forsvarleg for eleven å bli teken ut av skulen ved skulestart om hausten. Dersom foreldre tek eleven ut av skulen for meir enn to veker, misser eleven skuleplassen og må skrivast inn på nytt når ho/han kjem tilbake.

Føresette må sørgje for naudsynt undervisning i permisjonstida.

Klikk her: sc3b8knad-om-permisjon-for-elev

Kontakt oss

laurdag, august 8th, 2009

Langeland skule
Langelandsvegen 65
5412 STORD

Administrasjon: 534 56464
Personalrom:534 56462
SFO:534 56463
Helsesøster:534 56468
Epost rektor: oyvind.nordlie@stord.kommune.no
Rektor: Øyvind Nordlie,  mobil 93884242

Me har ikkje sekretær/telefonmottak på heiltid. Dersom det er noko særs viktig, kan de ringa rektor sin mobil direkte: 93884242.

Lærarane har ikkje direktetelefon på arbeidsplassen sin eller tenestemobil. Me ber difor om at føresette nyttar meldingsboka eller epost. Kontaktlærarane kan gje nærare informasjon om korleis det er praktisk å kontakta dei.

Sjukt barn?

laurdag, august 8th, 2009

Meld ifrå frå første dag

Stord kommune har ei ordning der foreldra må melda ifrå med ein gong når dei held barnet sitt heime. Ring skulen på 53456464 om morgonen mellom 08:05 og 08:20,  slik at me veit at me ikkje treng «etterlysa» barnet.

Viktig nett no: Svineinfluensaen

Me har fått følgjande oppmoding frå kommunelegen, Lars Helge Sørheim, og ber heimane følgje desse råda:

 

Sjuke barn og vaksne skal halda seg heime

I haust må vi inntil vidare ha låg terskel for å vera borte frå skulen ved symptom på influensa. Symptoma er dei vanleg kjende – feber, hoste, sår hals, hovudverk, verk i kroppen, frysingar og kjensle av trøttleik. Nokre har diarre og oppkast i tillegg.

Dei første teikna på sjukdom startar ofte brått, med feber og uvel i kroppen. Personar med ny influensa er smitteførande i om lag 7 dagar etter første sjukdomsdag og bør såleis vera heime like lenge.

Dette er for dei fleste ei mild influensa og dei fleste (70%) treng ikkje kontakt med lege i det heile. I tilfelle ein treng legekontakt bør fastlegen nyttast. Legane ønskjer at folk nyttar telefonen først, mykje kan avklarast slik. Det er berre personar i risikogruppe for komplikasjonar som kan ha særleg nytte av å lindra forløpet med medikamentell behandling.
Vi er smitteførande nokre få dagar (1-3) før vi vert sjuke. Difor er følgjande råd og svært viktige:

 

God hostehygiene (større barn og vaksne)

Host eller nys i albogekroken eller bruk eingongs papirhandduk som vert kasta etter bruk, for å verna andre mot smitte.

 

God handhygiene
Vask hendene godt og ofte, særleg når du har vore ute og før du et. Vask med vatn og såpe er best, men kan erstattast med desinfeksjonsmiddel m/sprit når du ikkje har høve til å vaska hendene på vanleg måte

 

Føresette som er influensasjuke bør ikkje møta på skulen
I tilfelle det trengst for å henta eller levera barn bør det gjerast slik at dei ikkje har nær kontakt med andre barn eller tilsette på skulen

 

 
060809
LHS

 

Helsesøster

laurdag, august 8th, 2009

Oppdatert informasjon aug -11:

Skulen har for tida sterkt redusert helsesøster-teneste. Me avventar avklaring, men per no har me ikkje helsesøster utanom dei faste vaksinasjonane.

Skulestart 09

onsdag, august 5th, 2009

Første skuledag er måndag 17. august. Skulestart for dei nye førsteklassingane er kl 9:00. For alle andre elevar er det vanleg tid, klokka 8:30.

Vel møtt!

-rektor