Skulekjøkkenet midlertidig stengd
tysdag, mai 19th, 2009Til føresette og leigetakarar
Me har observert ei mus på skulekjøkkenet, ho er fanga og uskadeleggjort og me har ikkje grunn til å tru at det er fleire enn denne eine. Likevel held me skulekjøkkenet stengd inntil me har fått klarsignal frå kommunelege og vaktmeistrane om at rommet er klart for bruk igjen. Rommet må også gjerast reint. Me nyttar råd frå Mattilsynet og kommunelegen om korleis dette skal gjerast på forsvarleg vis.
Me ber om forståing frå elevar, føresette og leigetakarar for at det er best å halde kjøkkenet stengd nett no. Opplysningane me har no, tydar på at musa kan ha kome inn på vanleg måte gjennom døra som går rett ut i terrenget. Dersom forklaringa er så enkel, vil det ikkje gå lang tid før me kan ta rommet i bruk att. Elevane som missar timar på kjøkkenet, kan få desse igjen ved seinare høve.
Og dersom ungane spør: Overskrifta i avisa Sunnhordland om at elevane «Fekk mus i skulematen» kan ikkje lesast heilt bokstavleg.
-rektor
